Gjennom nesten 1000 år har Nidarosdomen vorte “tægga” på. Her finst atskillege steinhoggarmerke, runeinnskrifter frå mellomalderen og sirleg løkkeskrift frå 1800-talet. Nokre av merka er hogde inn av steinhoggarane som bygde katedralen. Andre er rissa inn i løyndom av nokon blant dei tusenar av menneskje som har vitja kyrkja opp gjennom historia.
Bli med på omvising med Ingrid Heiene, formidlar ved Nidaros Domkirkes Restaureringsarbeider, og oppdag nokre av merka som finst på steinane i dei eldgamle veggane.
Praktisk informasjon:
- Varigheit ca. 45 min
- Oppmøte ved nordinngangen av Nidarosdomen (inngangen mot Munkegata)
- Eigna for vaksne og ungdom
Foto: Elisa Kartum/NDR
