Preses Olav Fykse Tveit om «ære»

«Å gi Gud ære gjer vi best ved å bekrefte Guds kjærleik til alt og alle Gud har skapt», skriv preses Olav Fykse Tveit om årets festivaltema ÆRE.

«Ære» er eit lite ord, men også eit svært stort ord. Det er som om eg rører ved noko som er heilagt når eg seier det. Difor kan eg heller ikkje tenkje på ære utan at det også handlar om den største: Gud. I ei gudsteneste seier eller syng presten: «Ære vere Gud i det høgste!» Men vi stoppar ikkje der, vi held fram sammen: «Og fred på jorda hjå menneske som Gud har hugnad i!» Perspektivet vert med ein gong utvida: Å gi Gud ære handlar også om dei rette relasjonane mellom menneske. Om fred – for menneske som Gud elskar.

Det er viktig å snakke om «ære». Det er ikkje så heilagt at det skal bli ståande i ordboka utan at vi diskuterer det. «Ære» kan også verte eit farleg ord, dersom det blir eit prinsipp som lever sitt eige liv, og ikkje vert sett i eit riktig perspektiv. Vi er vâre på om nokon sårar vår ære. Det same gjeld for andre menneske. Men vi kan bli så opptatt av vår ære (eller endåtil Guds ære) at det blir tronge kår for det viktigaste i livet: Kjærleiken. Det handlar om vørnad og respekt, ja, om kjærleik til Gud og alle og alt det Gud skaper. Vi skal ære og elske. Gud. Og kvarandre.

Temaet spelar i realiteten ei stor rolle i relasjonane mellom oss. Vi har bevisst og ubevisst ulike slags rangsstigar i vår oppfatning av andre og i vårt forhold til andre. Det er mange slags måtar å definere kven som skal ha ære på. Dei som ikkje får ære, får gjerne skam, eller ei kjensle av skam. Vi kan fort komme til å bekrefte skiljer mellom oss som vi heller skal bekjempe. For eksempel i relasjonar mellom menneske av ulik etnisk bakgrunn, religion, ulikt kjønn, seksuell legning, yrkesmessig status, karriere, ulik anseelse i medier og ikkje mindre i sosiale medier, ulik helsemessig status – og meir til av dei kategoriar og rang vi kan kome til å setje kvarandre i.

«Ære» knyter saman vårt forhold til andre menneske og forholdet til Gud. Det er ingen tvil om at «ære» er eit stort tema i Bibelen og i den kristne trua. Det er Gud som skal ha all ære. Elles gjer ein lett seg sjølv til gud, eventuelt eit anna menneske får ei slik rolle. Då vert det meste feil, og det kan gå heilt galt. Dette er den store freistinga i livet: Å gi seg sjølv – eller andre – den plassen Gud skal ha. Det er historia om menneska frå dei første forteljingane i Bibelen om fall og broderdrap, heilt til dei siste bileta som vert brukte i Bibelen i eit oppgjer med vonde, undertrykkjande og urettferdige makter i verda.

Det betyr ikkje at trua på Gud krympar menneske og gjer oss lite verdt, eller at vi ikkje skal gi kvarandre ros og heider. Tvert imot. Det første vi høyrer om menneske i Bibelens tekstar, er at mennesket er skapte i Guds bilete, i Guds likning. Dette kan tolkast på fleire måtar. I alle fall handlar det om kor viktige menneske er i Guds auge, så viktige at vi som menneske representerer Gud. Vi kan og skal ære Gud med det vi er: Menneske. Kvinner og menn, unge og gamle. Kven vi er, eller kvar vi er i frå, kva vi har fått gjort eller ikkje gjort, det spelar inga rolle i så måte. Gud gir oss vårt verd som menneske.

Dette har vorte svært viktig i oppgjer med ulike ideologiar og politiske strømningar eller krefter. Men det har vore viktig også i møte med religiøse idear og praksisar som ikkje får fram at alle menneske har det samme verd. Vi kan anerkjenne det kyrkja har sagt og det ho har gjort i ulike deler av verda – også her i Noreg. For eksempel ved å vere mellom dei første som organiserte omsorg for sjuke menneske. Eller i arbeid for fred og rettferd, for alle. Eller i vern om livet frå begynnelse til slutt. Men vi må også erkjenne at heller ikkje kyrkja alltid har gjeve menneske den vørnad dei skulle hatt.

Å gi Gud ære gjer vi best ved å bekrefte Guds kjærleik til alt og alle Gud har skapt. Vi vanærer Gud når vi krenkjer andre menneske. Vi vanærer Gud dersom vi overser oppgåva vår med å forvalte og ta vare på Guds skaparverk.

Difor har det ei djup meining å ære Gud med reine ord i kvar gudsteneste. Det hjelper oss til å hugse kva som er meininga med heile livet vårt på jorda.  

Olav Fykse Tveit
Preses i Bispemøtet i Den norske kirke